Teikning av linjer – line cap og line join

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Fri, 21 Oct 2016 21:39:46 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Hei!

I dei fleste nokolunde avanserte teikneprogram kan ein velja korleis 
linjer skal teiknast. Når ei linje er tjukk, vert ho jo ein 
todimensjonal figur og ikkje berre ein «strek». Men kva skal me kalla 
dei ulike måtane å teikna opp linjer på på norsk?

Første aktuelle omgrep «(line) cap». Dette er enden av ei linje. Det er 
vanlegvis tre måtar endane kan teiknast på, «butt», «round» og «square». 
Sjå https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineCaps for ein illustrasjon på 
kva dette tyder.

Først, kva skal me kalla «cap» eller «line cap» på norsk? I Inkscape på 
nynorsk (som eg omsette for mange år sidan, men ikkje vedlikeheld 
lenger) har eg kalla det «ende». I LibreOffice på nynorsk heiter det 
«linjeslutt». Om ein skal ha med «linje» eller ikkje avheng vel om kor 
godt det går fram av samanhengen kva det er snakk om, so hovudspørsmålet 
er: «ende» eller «slutt»? Eller noko anna?

«butt», «round» og «square» heiter «kort ende», «avrunda ende» og 
«firkanta ende» i Inkscape. I LibreOffice heiter dei «flat», «rund» og 
«kvadrat». Kva er best? Sjølv føretrekker eg iallfall «avrunda» framfor 
«rund», og synest «flat» er litt misvisande», då «square»-varianten òg 
er flat.

Det neste aktuelle omgrepet er «(line) join». Dette seier korleis 
hjørnet til to linjer som møtest skal teiknast. Illustrasjon på 
https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineJoin og på 
http://help.adobe.com/en_US/FlashPlatform/reference/actionscript/3/images/linejoin.jpg

Først, kva skal «(line) join» heita? I Inkscape heiter det «hjørne» og i 
LibreOffice «hjørnestil» (går vel ut på det same).

Vanlegvis finst det tre hjørnetypar, men SVG-standarden spesifiserer 
fire, «miter» (eller «mitre»), «round», «bevel» og (den nye) «arcs». I 
Inkscape heiter desse «spist hjørne», «rundt hjørne» og «skrått hjørne». 
I LibreOffice heiter dei «spiss», «avrunda» og «avfasa». I 
fellesordlista vår (på bokmål) heiter nummer mitered «spiss» og beveled 
«gradet» (det står ingenting om «round»). Eg føretrekker spiss/spist for 
«miter(ed)», «skrått» for «bevel(ed)» og er litt usikker på «rundt» 
eller «avrunda». Synspunkt eller andre forslag? (I tillegg kan 
programmet ha støtte for stilen «none», som naturlegvis vert «ingen» på 
norsk. Eksempel: 
http://www.bluevoid.com/opengl/sig00/advanced00/notes/img445.gif)

Viss vinkelen der to linjer møtest er veldig spiss, kan «miter»-hjørnet 
verta *veldig* langt. Ein brukar derfor gjerne ei «miter limit» for å 
kutta hjørnene. Sjå 
https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#StrokeMiterlimitProperty for 
forklaring og illustrasjon. Me treng derfor norske omsettingar av «miter 
limit» (og kanskje «miter clip»).

Som vanleg er det ein fordel om dei norske omgrepa er korte og lett 
forståelege. :)

Køyr debatt!

-- 
Karl Ove Hufthammer