Re: Omsetting av «stash»
"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Wed, 22 Feb 2017 21:40:56 +0100
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
On 22 Feb 2017, at 20:26, Karl Ove Hufthammer wrote: > Kjetil Torgrim Homme skreiv 22. feb. 2017 20:09: >>> https://community.kde.org/GSoC/2016/StatusReports/ArnavDhamija#A_Stas >>> h_KIO_Slave_for_making_discontinuous_file_selections >>> for meir informasjon. >>> >>> Forslag til kva me kan kalla dette på norsk? >> tja... "gøyme unna", "leggje til sides", "stikke unna"? > > > Slik det ser ut no, er implementasjonen i Dolphin basert på ein knapp > (eller eit menyval?) som heiter «Stash» og som opnar ei rute (eit > delt vindauge) med denne virtuelle mappa. Ein kan så dra filer/mapper > til og frå mappa. Eg trur me derfor i første omgang treng eit > substantiv (som «Papirkorg» og «Utklippstavle») i staden for eit > verb. «Filkasse». Fordi ei kasse ofte er noko ein nyttar til å raska saman ting. Eller «Fillager». Eller «Filstabel» Eller «Filhylle» - «legge det på filhylla» .... Eller, for å lata det verka litt kjent (for sume ...) tykkjer eg ikkje det gjer noko om det hadde heitt «mellomlager» - det høyrest, konseptuelt, ut som eit manuelt «cache». Leif Halvard Silli