Re: Omsetting av «stash»
Kjetil Torgrim Homme <[email protected]> Wed, 22 Feb 2017 22:34:09 +0100
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
On Wed, 2017-02-22 at 21:40 +0100, Leif Halvard Silli wrote: > On 22 Feb 2017, at 20:26, Karl Ove Hufthammer wrote: > > Slik det ser ut no, er implementasjonen i Dolphin basert på ein > > knapp > > (eller eit menyval?) som heiter «Stash» og som opnar ei rute (eit > > delt vindauge) med denne virtuelle mappa. Ein kan så dra > > filer/mapper > > til og frå mappa. Eg trur me derfor i første omgang treng eit > > substantiv (som «Papirkorg» og «Utklippstavle») i staden for eit > > verb. > > «Filkasse». Fordi ei kasse ofte er noko ein nyttar til å raska saman > ting. > > Eller «Fillager». > > Eller «Filstabel» > > Eller «Filhylle» - «legge det på filhylla» .... eg likar "hylle" veldig godt. det gjev i alle fall meg inntrykket at det er ei mellombels plasseringa. kanskje fordi det er skilnad på å leggje noko "på hylla" og "i hylla"... > Eller, for å lata det verka litt kjent (for sume ...) tykkjer eg > ikkje det gjer noko om det hadde heitt «mellomlager» - det høyrest, > konseptuelt, ut som eit manuelt «cache». eg trur vi bør halde på at mellomlagring kun tyder caching, og ikkje fleire ting. -- venleg helsing, Kjetil T.