Re: Omsetting av «stash»

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Thu, 23 Feb 2017 19:38:46 +0100
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Karl Ove Hufthammer skreiv 22. feb. 2017 19:32:
> KDE-programmet Dolphin har nyleg fått ein ny funksjon kalla «stash». 
> Dette er kort sagt ei mellombels, virtuell mappe der ein kan putta 
> filer og mapper for seinare flytting til ekte mapper. Det er litt som 
> utklippstavlefunksjonen, berre for filer og mapper. Sjå 
> https://community.kde.org/GSoC/2016/StatusReports/ArnavDhamija#A_Stash_KIO_Slave_for_making_discontinuous_file_selections 
> for meir informasjon.
>
> Forslag til kva me kan kalla dette på norsk?

Veldig bra at det kom so mange forslag! Her er ei oppsummering i 
kronologisk rekkefølgje (skrik opp om eg har gløymt nokon):

filutplukk
korttidslager
nærlager
puttekasse
bod(en)
roteloft(et)
rotekassa
mørkeloftet
stabburet
lager
lagring
haug
filkasse
filstabel
filhylle
hylle
mellomlager
stæsj
korg
filboks [nytt forslag frå meg no]
depot [nytt forslag frå meg no]

Sidan ordet skal visast på verktøylinja eller i ein meny, bør det vera 
ganske kort.

Eg trur me bør unngå ord med «lager» og «lagring» i seg, då det alt 
finst *mange* liknande termar. Ord som konnoterer langtidslagring (som 
«bod» – på nynorsk «bu») er heller ikkje ideelle.

Å ha med «fil» i namnet kan vera uheldig, då «stash» òg kan innehalda 
mapper og symbolske lenkjer. Men på den andre sida er jo alt i Linux 
«filer».

«Haug» og «stabel» er vel lett å assosiera med tilhøyrande 
datastrukturar innan programmering, og det er ikkje slik «stash» 
fungerer, so vidt eg har forstått. Utan at dette er eit veldig stort 
problem.

«Korg» kunne vore OK (ordet er iallfall veldig kort). Men eg synest det 
vert for lett å forveksla med «papirkorg» (og det stor *forskjell* på å 
legga ting i «stash» og i papirkorga).

Eg òg likte litt «puttekasse». Men det er litt langt, og folk 
assosiserer det gjerne med ei barneleike.

Eg trur favoritten min vert «hylle». Det er kort og fungerer fint som 
ein metafor for ein mellombels lagringsplass.

Men eg tar gjerne imot fleire forslag og synspunkt på dei forslaga som 
er komne.

-- 
Karl Ove Hufthammer