Re: Limit inferior / superior

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Sun, 30 Apr 2017 15:49:58 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Takkar for svar.
Dette er operatorar som er brukte i Math i LibreOffice, eit program for 
å skrive formlar. Eg har såleis ingen eksempel på bruken.
Fann ei forklaring m.a. i 
https://en.wikipedia.org/wiki/Limit_superior_and_limit_inferior.

Dette er så spesielt bruksområde at eg trur det mest fornuftige er å 
bruke dei latinske nemningane «limes inferior» og «limes superior».


Den 29.04.2017 19:26, Karl Ove Hufthammer skreiv:
> Kolbjørn Stuestøl skreiv 29. april 2017 18:54:
>>
>> Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna 
>> "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.
>
> Denne omsettinga er feil. «Største nedre grense» (som me vanlegvis 
> kallar «største nedre skranke» er infimum, altså inf, ikkje lim inf).
>
> Eg er ikkje sikker på kva ein kallar det på norsk, men eg ser «limes 
> inferior» og «limes superior» (altså dei latinske termane, er brukt.
>
>> I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" 
>> (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og  "Limit 
>> Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes 
>> superior mit oberer Grenze").
>
> Her gjev i omsettinga meining i det heile tatt! Det er jo ikke snakk 
> om noko «begrensing». Og det er heller ikkje snakk om noko som er 
> mindreverdig. I første eksempel er det vel snakk om fotskrift (senka 
> skrift / indeks) til ein «lim sup»-operator. Kva «Bottom» gjer der 
> veit eg ikkje. (Eller: Kva «Subscript» gjer der når det alt står 
> «Bottom» veit eg ikkje.) Du får nesten opplysa oss om korleis desse 
> funksjonane fungerer og ser ut.
Dette er opplysningar om kvar heva eller senka teikn skal plasserast i 
formelen. "Limit Superior Superscript Top" og "… Bottom" kan då for 
eksempel bli «Limes superior heva skrift over» og «Limes superior senka 
skrift under». Grunnen til den tilsynelatande overdrivinga med «heva 
skrift over»/«senka skrift under», er at den heva/senka skrifta kjem 
midt over/under ordet «lim», ikkje etter slik som t.d. i m^2 .

Det viktige her er altså  namna på operatorane.
Helsing
Kolbjørn





_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no