Re: Limit inferior / superior

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 29 Apr 2017 19:26:00 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 29. april 2017 18:54:
>
> Ser at "Limit Inferior" og "Limir Superior" er omsett med mellom anna 
> "Største nedre grense" og "Minste nedre grense" i nb og nn LibreOffice.

Denne omsettinga er feil. «Største nedre grense» (som me vanlegvis 
kallar «største nedre skranke» er infimum, altså inf, ikkje lim inf).

Eg er ikkje sikker på kva ein kallar det på norsk, men eg ser «limes 
inferior» og «limes superior» (altså dei latinske termane, er brukt.

> I originalteksten finn eg også "Limit Superior Subscript Bottom" 
> (omsetjing: "Begrens mindreverdig underskriptbunn") og  "Limit 
> Superior Superscript Top" (ikkje omsett til norsk. Tysk: "Limes 
> superior mit oberer Grenze").

Her gjev i omsettinga meining i det heile tatt! Det er jo ikke snakk om 
noko «begrensing». Og det er heller ikkje snakk om noko som er 
mindreverdig. I første eksempel er det vel snakk om fotskrift (senka 
skrift / indeks) til ein «lim sup»-operator. Kva «Bottom» gjer der veit 
eg ikkje. (Eller: Kva «Subscript» gjer der når det alt står «Bottom» 
veit eg ikkje.) Du får nesten opplysa oss om korleis desse funksjonane 
fungerer og ser ut.

-- 
Karl Ove Hufthammer



_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no