Re: ROUNDSIG()

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Wed, 3 May 2017 23:21:24 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 03.05.2017 18:42, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
> on. den 03. 05. 2017 klokka 11.23 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>> ROUNDSIG() er å runda av eit tal til ei gjeven meng signifikante tal.
>> ROUNDSIG(129,129;5) vil returnere 129,13, ROUNDSIG(129,129;2) -> 130 osv.
>> ROUND() er omsett med AVRUND(). Eg reknar med at omsetjinga bør blir
>> AVRUNDSIG()?
>> Innvendingar?
> tja, vil berre nemne at det (heil)norske ordet for "signifikante tal" er
> "gjeldande siffer".  likevel trur eg AVRUND.SIG() er vel så bra.
> AVRUND.GJELD() vert rart ;), og AVRUND.GJELDANDE() vert langt.
Ja, gjeldande siffer er brukt alle andre stader i omsetjingane av 
LibreOffice, trur eg.
Var inne på nokre av same tankebanane, men endte altså opp med 
AVRUND.SIG, dvs. utan punktumet, men ser at det bør vere med.

>
>> Eg har ikkje funne dette uttrykket i LibreOffice Calc (reknearket til
>> LibreOffice) for Windows, så eg har ikkje prøvd det. Finst kanskje i
>> utgåver for Linux? Ikkje alltid at utgåvene er heilt like.
>> Eg har ikkje Excel, men ut frå søk på Internett skal uttrykket finnast der.
>> (Eg bruker LibreOffice versjon 5.3.2.2).
> i utgangspunktet er eg for å bruke same terminologi som norsk Excel når
> alternativa er omlag like gode.
Amen.
Som sagt, har eg ikkje funne dette omsett til norsk i Excel, men har 
kanskje ikkje brukt dei rette søkeorda :-) .

Kolbjørn


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no