separate/collapsing (border model)

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Thu, 04 May 2017 15:35:29 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Er det noko som er (relativt) vanleg, på norsk, for dei to 
kantmodellane i CSS? Eg tenkjer på det som i CSS-kode heiter 
«border-collapse:collapse» og «border-collapse:separate».

Eg er på jakt etter noko for «separate(d) border model» og 
«collapse/-ing border model», men eg treng og tilhøyrande stikkord 
for «collapse» og «separate». Det er snakk om brukargrensesnitt for 
å styra desse CSS-vala.

Eg har prøvd meg med litt av kvart. For «collapse» har eg prøvd 
«kantsamanfall(-modellen)», «felleskant(-modellen») og  
«kantkollaps(modellen). For «separate» har eg vald 
«separatkant(-modellen)». Kantkollaps og separatkant minner mykje om 
originaluttrykka på engelsk, og det kan jo i seg sjølv vera ei 
føremon.

Fellesordlista [1] har «folde sammen» for «collapse» og «utvide» 
for «expand». Utifrå dette, kunne ein tenkt at ein, for «collapse» 
i denne samanheng, «bør» nytta eit ord som inneheld «fold*». T.d. 
«kantfoldemodellen». Eller «samanfallmodellen». Utan eg veit om 
dette er heilt vellukka ...

Eg ser no at OpenOffice-avleggjaren NeoOfficel (for Mac snakkar om) 
«kantLINJER», så det er og ein variant - som eg i grunnen kan lika 
litt betre enn berre «kant» (fordi til og med ein firkant utan 
kantliner har jo likevel ein kant ...) Så medan eg ventar å kva de 
eventuelt har å seia, kjem eg vel til å tutla med nokre variantar på 
'kantline'.

[1] Fellesordlista: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
-- 
leif halvard silli

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no