Re: ROUNDSIG()

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Fri, 5 May 2017 20:53:49 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Har nå omsett ROUNDSIG() med AVRUND.SIG.
Eg veit ikkje når omsetjingane blir synlege i nedlastingane.

Helsing
Kolbjørn

Den 03.05.2017 23:21, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
> Den 03.05.2017 18:42, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
>> on. den 03. 05. 2017 klokka 11.23 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
>>> ROUNDSIG() er å runda av eit tal til ei gjeven meng signifikante tal.
>>> ROUNDSIG(129,129;5) vil returnere 129,13, ROUNDSIG(129,129;2) -> 130 
>>> osv.
>>> ROUND() er omsett med AVRUND(). Eg reknar med at omsetjinga bør blir
>>> AVRUNDSIG()?
>>> Innvendingar?
>> tja, vil berre nemne at det (heil)norske ordet for "signifikante tal" er
>> "gjeldande siffer".  likevel trur eg AVRUND.SIG() er vel så bra.
>> AVRUND.GJELD() vert rart ;), og AVRUND.GJELDANDE() vert langt.
> Ja, gjeldande siffer er brukt alle andre stader i omsetjingane av 
> LibreOffice, trur eg.
> Var inne på nokre av same tankebanane, men endte altså opp med 
> AVRUND.SIG, dvs. utan punktumet, men ser at det bør vere med.
>
>>
>>> Eg har ikkje funne dette uttrykket i LibreOffice Calc (reknearket til
>>> LibreOffice) for Windows, så eg har ikkje prøvd det. Finst kanskje i
>>> utgåver for Linux? Ikkje alltid at utgåvene er heilt like.
>>> Eg har ikkje Excel, men ut frå søk på Internett skal uttrykket 
>>> finnast der.
>>> (Eg bruker LibreOffice versjon 5.3.2.2).
>> i utgangspunktet er eg for å bruke same terminologi som norsk Excel når
>> alternativa er omlag like gode.
> Amen.
> Som sagt, har eg ikkje funne dette omsett til norsk i Excel, men har 
> kanskje ikkje brukt dei rette søkeorda :-) .
>
> Kolbjørn
>
>
> _______________________________________________
> E-postlista i18n-no
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
>
>


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no