Color management

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Sun, 21 May 2017 21:00:27 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Eg har omsett hjelpsidene i GIMP 2.10 (ikkje frigjeven førebels) om 
"Color management".

"Color management" er å bruke ulike fargemodellar for dei ulike media 
eller program som eit bilete skal visast på/med. Ein fargeskjerm kan 
bruke éin fargemodell, men når biletet skal sendast til skrivaren må ein 
bruke ein annan modell sidan skrivaren lagar fargane på ein annan måte 
enn skjermen gjer det. Det kan også hende at ulike skjermar for eksempel 
krev ulike fargestyringar for å vise korekte fargar.

Problemet er at dette er eit fagområde eg ikkje kjenner noko som helst 
til. Difor hadde det vore ønskjeleg om det i dette forumet finst nokon 
som veit (litt) meir om dette enn eg gjer.

Eg har lagt ut den engelske versjonen av sidene på 
http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/en/gimp-image-save-color-profile-to-file.html 
og den norske versjonen på 
http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/nn/gimp-image-save-color-profile-to-file.html. 
Hjelp for GIMP finst ikkje på bokmål, men grensesnittet er delvis omsett 
både til bokmål og nynorsk. Dermed gjeld omsetjinga av faguttrykka begge 
målformene. Av ein eller annan grunn er dei originale engelske 
biletfilene i maskinen min byt ut med norske. Eg skal endre dette så 
snart eg får det til.

Den engelske versjonen er ikkje finpussa, men det er ikkje temaet mitt. 
Den norske versjonen er ikkje språkvaska og sikkert ful av språklege 
feil, men det er ikkje det viktigaste denne gongen.

Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i forumet.

Helsing
Kolbjørn


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no