Re: Color management

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Mon, 22 May 2017 12:37:03 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Den 21.05.2017 21:51, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Kolbjørn Stuestøl skreiv 21. mai 2017 21:00:
>>
>> Dersom ønskjeleg, kan eg legge ut ei liste over «problemorda» her i 
>> forumet. 
>
> Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda. 
Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.

Color management → fargestyring (fellesordlista) / 
Fargebehandling/fargehandsaming
Enable Color Management → Slå på fargestyring
sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell
(Originalen brukar color space, color model og color profil meir eller 
mindre om kvarandre ser det ut til).

ICC color profile → ICC-fargeprofil
a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin innebygde 
sRGB-profil

the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar 
perseptuell gammapresisjon (sRGB)

Linear light precision → lineær lyspresisjon

ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og 
blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen

Black point compensation → kompensering for svartpunkt (fellesordlista) 
/ svartpunktkompensering

16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit
16-bit floating point → 16-bit desimaltal

image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og 
desimaltal)
bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er tilgjengelege)

Engelsk original på 
http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/en/gimp-image-save-color-profile-to-file.html 
og det (førebels) norske forslaget på 
http://www.stuestoel.no/temp/GIMP/nn/gimp-image-save-color-profile-to-file.html.

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no