Re: Color management

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Mon, 22 May 2017 20:19:34 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
[Kommentarar innimellom:]
>> Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda. 
> Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.
>
> Color management → fargestyring (fellesordlista) / 
> Fargebehandling/fargehandsaming

Fargestyring, ja. Det ser ut til å vera det mest brukte omgrepet på norsk.

> Enable Color Management → Slå på fargestyring
> sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell

Fargerom, ikkje fargeområde/-modell.

> (Originalen brukar color space, color model og color profil meir eller 
> mindre om kvarandre ser det ut til).

Det er ikkje sikkert. Du bør følgje originaltermane (fargerom, 
fargemodell og fargeprofil) med mindre du har grunn til å tru dei er 
brukte feil.

> ICC color profile → ICC-fargeprofil

Ja.

> a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin 
> innebygde sRGB-profil

Ja (det første).

> the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar 
> perseptuell gammapresisjon (sRGB)

Nei. Det er ikkje snakk om ein type gammapresisjon, det er snakk om 
«perseptuell gamma». Eg foreslår «Perseptuell gamma (sRGB)». Kan godt 
kutta ut ordet «precision».

> Linear light precision → lineær lyspresisjon

Eg foreslår «Lineært lys».

Sjå for øvrig 
http://ninedegreesbelow.com/photography/users-guide-to-high-bit-depth-gimp.html 
for litt forklaring.

> ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og 
> blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen

Usikker. Veit ikkje heilt kva som er meint. *Kanskje* kan du bruka 
«raud-, grøn- og blå-koordinatane til ICC-profilen»?

> Black point compensation → kompensering for svartpunkt 
> (fellesordlista) / svartpunktkompensering

«Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?

> 16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit
> 16-bit floating point → 16-bit desimaltal

«16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).

> image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og 
> desimaltal)

OK.

> bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er 
> tilgjengelege)

Eg ville valt «fargedjupn».

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no