Re: Color management

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Mon, 22 May 2017 21:26:02 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Takk for at du tok deg tid til dette.
Som sagt tidlegare er dette eit fargområde eg kan svært lite om, så 
omsetjingane byggjer stort sett på løysingar eg har funne på nettet og i 
fellsesordlista.
Kjem det ikkje inn motargument, brukar eg forslaga dine.
Forfattaren av originalteksten skriv nokså omstendeleg, så det kan nok 
hende eg må skrive delar av teksten heilt om, ikkje berre setje om meir 
eller mindre direkte. Så eg må nok studere dette nøyare.
Helsing
Kolbjøen

Den 22.05.2017 20:19, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> [Kommentarar innimellom:]
>>> Ja, send gjerne inn ei oversikta over problemorda. 
>> Her er ei liste over forslaga mine. Er svært mottakeleg for hjelp her.
>>
>> Color management → fargestyring (fellesordlista) / 
>> Fargebehandling/fargehandsaming
>
> Fargestyring, ja. Det ser ut til å vera det mest brukte omgrepet på 
> norsk.
>
>> Enable Color Management → Slå på fargestyring
>> sRGB color space → sRGB-fargeområde (fellesordlista) / sRGB-fargemodell
>
> Fargerom, ikkje fargeområde/-modell.
>
>> (Originalen brukar color space, color model og color profil meir 
>> eller mindre om kvarandre ser det ut til).
>
> Det er ikkje sikkert. Du bør følgje originaltermane (fargerom, 
> fargemodell og fargeprofil) med mindre du har grunn til å tru dei er 
> brukte feil.
>
>> ICC color profile → ICC-fargeprofil
>
> Ja.
>
>> a built-in GIMP profile → ein innebygd GIMP-profil / GIMP sin 
>> innebygde sRGB-profil
>
> Ja (det første).
>
>> the image is at Perceptual gamma (sRGB) precision → biletet brukar 
>> perseptuell gammapresisjon (sRGB)
>
> Nei. Det er ikkje snakk om ein type gammapresisjon, det er snakk om 
> «perseptuell gamma». Eg foreslår «Perseptuell gamma (sRGB)». Kan godt 
> kutta ut ordet «precision».
>
>> Linear light precision → lineær lyspresisjon
>
> Eg foreslår «Lineært lys».
>
> Sjå for øvrig 
> http://ninedegreesbelow.com/photography/users-guide-to-high-bit-depth-gimp.html 
> for litt forklaring.
>
>> ICC profile's Red, Green, and Blue chromaticities → raud-, grøn- og 
>> blå-kromatiseringa i den opphavlege ICC-profilen
>
> Usikker. Veit ikkje heilt kva som er meint. *Kanskje* kan du bruka 
> «raud-, grøn- og blå-koordinatane til ICC-profilen»?
>
>> Black point compensation → kompensering for svartpunkt 
>> (fellesordlista) / svartpunktkompensering
>
> «Svartpunktskompensering» (med fuge-s) er kanskje meir naturleg?
>
>> 16-bit integer →16-bit heiltal (8-, 16-, 32- og 64-bit
>> 16-bit floating point → 16-bit desimaltal
>
> «16-bits heiltal» og «16-bits flyttal» (merk «bits», ikkje «bit»).
>
>> image precision → biletpresisjon (8-,16-, 32- og 64-bit heiltal og 
>> desimaltal)
>
> OK.
>
>> bit depth → biletdjupn / fargedjupn (kor mange fargar som er 
>> tilgjengelege)
>
> Eg ville valt «fargedjupn».
>


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no