Re: Native numbering
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Wed, 7 Jun 2017 21:13:47 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Takker. Bevis på at to hovud er betre enn eitt. Ja, det er snakk om talformat og ikkje berre datoar. Eg var litt upresis der. Eg kjem etter kvart til å gå gjennom omsetjingane og bruke «lokalt talformat» og omskrivingar av dette. Kanskje noko for Fellesordlista? Helsing Kolbjørn Den 07.06.2017 19:22, skreiv Karl Ove Hufthammer: > Kolbjørn Stuestøl skreiv 07. juni 2017 14:35: >> "Native numbering" og "native numberals" er i LibreOffice brukt om >> språkavhengige datoformat. >> Førebels har eg brukt «lokal nummerering» for dette. >> I Fellesordlista er "native sql" omsett med «lokal sql». > > Det er vel snakk om lokale *tal*format òg, ikkje berre datoformat. Då > vil eg tilrå «lokalt talformat» eller «lokale talformat». > >> I nokre tilfelle er «nasjonale (tal)teikn» brukt for "Native >> numbering". Så kanskje «nasjonal nummerering»? > > Nei. Det treng ikkje ha nokon samanheng med nasjonar. Det kan dekka > både overnasjonale og undernasjonale område. > _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no