Flytting av pikslar
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Sun, 25 Jun 2017 21:23:39 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre? (Ordet warp kjenner eg elles berre frå trevare: planka «slår seg»). Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke 1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet 2. farge frå motsett kant av biletet. I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre sida, dukke opp på venstre sida. I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop". Eg meiner å ha sett omsetjingar av /diskusjonar om dette «fenomenet», men greier ikkje å finne ut kvar. Kanskje fordi den engelske teksten har brukt andre ord? Håper nokon kan hjelpe. Helsing Kolbjørn _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no