Re: Flytting av pikslar
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Wed, 12 Jul 2017 18:41:30 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Kolbjørn Stuestøl skreiv 25. juni 2017 21:23: > I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett > det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre? Eg synest «forvrenging» er best. > Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre > biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt > gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke > 1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet > 2. farge frå motsett kant av biletet. > I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre > sida, dukke opp på venstre sida. > I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop". Må det vera korte tekstar? Viss ikkje, kan du kanskje kalla alternativ 1 «Næraste piksel» og alternativ 2 «Motsett sidekant»? Det bør jo vera ganske forståeleg (meir det enn dei engelske orda er). -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no