Re: Flytting av pikslar
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Wed, 12 Jul 2017 21:21:49 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Den 12.07.2017 18:41, skreiv Karl Ove Hufthammer: > Kolbjørn Stuestøl skreiv 25. juni 2017 21:23: >> I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett >> det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre? > > Eg synest «forvrenging» er best. Einig. > >> Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre >> biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt >> gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke >> 1. farge frå den næraste pikselen innføre biletet >> 2. farge frå motsett kant av biletet. >> I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre >> sida, dukke opp på venstre sida. >> I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop". > > Må det vera korte tekstar? Viss ikkje, kan du kanskje kalla alternativ > 1 «Næraste piksel» og alternativ 2 «Motsett sidekant»? Det bør jo vera > ganske forståeleg (meir det enn dei engelske orda er). Det er rimeleg god plass. (Førebels er det ikkje råd å omsetje desse to orda, men eg reknar med at feilen blir retta opp nokså snart sidan dette er ein menytekst. Det finst ein del tilfelle i GIMP der programmerarane har gløymd å "localize" tekstane). Det ser forresten ut til at fleire språk enn norsk har problem med desse to orda i denne samanhengen. Helsing Kolbjørn _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no