Re: Clamping code

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Tue, 5 Sep 2017 17:27:09 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Takkar for ei fyldig og forståeleg forklaring. Dette stemmer heilt og 
fullt med andre forklaringar eg har vore borte i.
Eg vil bruke «fargeavgrensing» og håper dette er forståeleg for folk 
flest, eller i det minste for dei som har bruk for det.
Helsing
Kolbjørn

Den 03.09.2017 09:42, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Kolbjørn Stuestøl skreiv 02. sep. 2017 22:05:
>> Kva er "clamping code" på norsk?
>> Sitat 1: Editing high dynamic range data requires that there isn't 
>> any clamping code in editing operations and blend modes. 
>
>
> Det er operasjonar som *avgrensar* verdiane dei gjev ut til eit gyldig 
> område. Tenk for eksempel på ein operasjon som legg saman 
> fargeverdiane til to bilde på ein eller anna måte, for eksempel slik 
> at viss du legg eit lyst bilde på eit mørkt bilde, blir det mørke 
> bildet lysare. Viss du køyrer denne operasjonen på to veldig lyse 
> bilde, kan det vera at resultatet vert «lysare enn kvitt» (lysaste 
> mogleg verdi *målmediet* har, som kan variera mellom målmedium). Då 
> vil programmet typisk avgrensa («clampa») verdiane til «kvitt», slik 
> at alt som er er lysare, vert kvitt. I teorien skulle jo ikkje dette 
> vera noko problem, då ein uansett ikkje kan sjå fargar lysare enn 
> kvitt. Men ein tapar *detaljar lagra i det lyse området*. Viss ein for 
> eksempel seinare gjer bildet mørkare att, er detaljane alt tapte.
>
> Viss ein brukar ein operasjon *utan* slik fargeavgrensing, tar ein 
> vare på slik verdiar utanfor gyldig område. Seinare operasjonar (eller 
> val eit anna målmedium) kan føra fargane inn igjen i gyldig område, og 
> ingen detaljar har gått tapt.
>
> Så kanskje berre kalla det /(innebygd) fargeavgrensing/?
>

-- 
Kolbjørn Stuestøl, Stuestølveien 212, 4580 Lyngdal
Telefon: (47) 38 34 78 62,  (47) 917 81 125
Stuestøl heimesider: http://www.stuestoel.no
Andre sider eg administrerer:
Lyngdal hagelag: http://lyngdal.hagelag.no
(Passive sider: http://www.stuestoel.no/hagelag/hagelag.php)
Mandal og Lister pyntegrøntlag: http://www.mlpynt.no

Member of the GIMP Documentation Team
Language coordinator LibreOffice (www.libreoffice.org/)


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no