Re: Clamping code

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sun, 3 Sep 2017 09:42:54 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 02. sep. 2017 22:05:
> Kva er "clamping code" på norsk?
> Sitat 1: Editing high dynamic range data requires that there isn't any 
> clamping code in editing operations and blend modes. 


Det er operasjonar som *avgrensar* verdiane dei gjev ut til eit gyldig 
område. Tenk for eksempel på ein operasjon som legg saman fargeverdiane 
til to bilde på ein eller anna måte, for eksempel slik at viss du legg 
eit lyst bilde på eit mørkt bilde, blir det mørke bildet lysare. Viss du 
køyrer denne operasjonen på to veldig lyse bilde, kan det vera at 
resultatet vert «lysare enn kvitt» (lysaste mogleg verdi *målmediet* 
har, som kan variera mellom målmedium). Då vil programmet typisk 
avgrensa («clampa») verdiane til «kvitt», slik at alt som er er lysare, 
vert kvitt. I teorien skulle jo ikkje dette vera noko problem, då ein 
uansett ikkje kan sjå fargar lysare enn kvitt. Men ein tapar *detaljar 
lagra i det lyse området*. Viss ein for eksempel seinare gjer bildet 
mørkare att, er detaljane alt tapte.

Viss ein brukar ein operasjon *utan* slik fargeavgrensing, tar ein vare 
på slik verdiar utanfor gyldig område. Seinare operasjonar (eller val 
eit anna målmedium) kan føra fargane inn igjen i gyldig område, og ingen 
detaljar har gått tapt.

Så kanskje berre kalla det /(innebygd) fargeavgrensing/?

-- 
Karl Ove Hufthammer


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no