Reflowable

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Thu, 31 May 2018 23:02:16 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kva heiter "reflowable" på norsk?
Eit (elektronisk) dokument er "reflowable" når utsjånaden kan variera ut 
frå media det blir vist på. T.d. er eit HTML-dokument "reflowable" sidan 
det kan ha ulik form etter kva nettlesar det blir vis i.
I motsetnad til fast utforming.
Ser at tysk har omsett med "Mitfließend" og dansk med "Ombrydelig". 
Sikkert omsett til andre språk også, men det har eg ikkje kontrollert.
«Flytande utforming» blir vel litt unøyaktig?
Gjeld omsetjinga av brukargrensesnittet og hjelpsidene for LibreOffice. 
Forklaringa på hjelpsidene seier "Reflowable: The content flows, or 
reflows, to fit the screen and to fit the needs of the user."
Helsing
Kolbjørn Stuestøl



---
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast
https://www.avast.com/antivirus

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no