Re: Reflowable

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Fri, 1 Jun 2018 19:01:05 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kolbjørn Stuestøl skreiv 31. mai 2018 23:02:
> Kva heiter "reflowable" på norsk?
> Eit (elektronisk) dokument er "reflowable" når utsjånaden kan variera 
> ut frå media det blir vist på. T.d. er eit HTML-dokument "reflowable" 
> sidan det kan ha ulik form etter kva nettlesar det blir vis i.

Når det gjeld nettsider, vert dette vanlegvis kalla «responsive 
nettsider». Ein brukar òg ordet dynamisk («dynamisk tilpassing»), men 
kan jo eigentleg tyda fleire ting.

Problemet er at du treng(?) eit adjektiv, og helst eit generelt eit (som 
ikkje for eksempel berre gjeld nettsider). Der er eg einig med Petter 
Reinholdtsen at «ombrekkbar» er ei bra løysing. Du kan òg bruka uttrykk 
som «automatisk ombrekking» (ev. med «sideombrekking)» der det passar.

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no