Re: Fellesordlista - glyph

Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Fri, 1 Jun 2018 20:33:01 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Kjetil Torgrim Homme skreiv 28. mai 2018 17:47:
> om ønskjeleg kan denne tenesta flyttast over til daitan.skolelinux.org
> (aka lists.skolelinux.org) som køyrer pro bono hos Redpill Linpro (med
> meg som ansvarleg).
>
> kanskje på tide å gjere ei migrering frå SVN til Git også?  eg har
> dessverre ikkje ein utsjekka kopi sjølv, så nokon andre må i så fall
> bistå.

Her er mine tankar om ei teknisk løysing for fellesordlista:

Kjeldeformatet bør vera versjonskontrollert. Det har ein verdi å sjå når 
ei oppføring vart lagt inn, endra (og kva stod der før?), og kva 
loggmelding (grunngjeving) som vart brukt. Men me kan godt gå over til 
Git. Det er vel meir kjent blant «nye» datafolk i dag. :)

Bør gå vekk frå HTML som redigeringsformat. Bør ha eit *enkelt*, 
strukturert format som lett kan konverterast til HTML *og* andre format 
(for eksempel ordlister for bruk i omsettingsprogram).

Konvertering til dei andre formata bør gå *automatisk* når ein sjekkar 
inn ei endring.

Ei ordning der eit sett med folk som har vist seg å vera ansvarlege, har 
tilgang til å oppdatera ordlista trur eg vil fungera bra.

Ordlista bør vera tilgjengeleg som éi nettside med *alle* orda. Dette 
for at ho skal vera mest mogleg lett *og kjapp* å bruka. (Interessant 
nok var den opphavlege fellesordlista bite litt treg i «gamle dagar». 
PC-ar og nettlesarar var ikkje gode nok til å takla så store tabellar … 
I våre dagar er ikkje noko problem lenger!)

Løysingar som for eksempel Språkrådets termwiki 
(http://termwiki.sprakradet.no/wiki/Hovedside) er håplause i bruk (der 
står ikke eingong dei engelske orginalorda oppført – ein må gå inn på 
kvar enkeltterm for å sjå denne).

Generelt er løysingar der ein må *søka* opp eit ord i ein søkeboks 
veldig dårlege. Då går ein veldig lett glipp av ord (for eksempel på 
grunn av stavemåte – er det registrert som «full screen» eller 
«fullscreen», «cookie» eller «cookies»?). Eg har funne mange fine 
omsettingar ved å bruka «søk på sida»-funksjonen i nettlesaren der ordet 
eg fann *ikkje* stod på oppslagsordet (men var kanskje nemnt i eit anna 
oppslagsord, eller delar av ordet var det).

Løysingar der ein må *bla* gjennom lista er òg plagsame («du er no på 
side 2/143 i fellesordlista»). Er litt i tråd med følgjande klassiske sitat:

     If you don’t find it in the index, look very carefully through the 
entire catalogue.
       – Sears, Roebuck, and Co. (Consumer’s Guide 1897)

Ikkje noko av det over er til hinder for at me kan ha søkeløysingar *i 
tillegg*. Eg er sjølv ganske begeistra for «direktesøk» for tabellar, 
som implementert for eksempel her: https://datatables.net/ Generelt er 
det fint om me kan bruka ny teknologi som gjer ting enklare, raskare 
eller finare.

Det bør vera mogleg å ha eit tonivåhierarki i oppslagsorda, for å samla 
relaterte termar (sjå for eksempel «accent» i fellesordlista: 
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html). Det aller beste 
hadde vore at eit ord kunna stå oppført fleire plassar (med same, 
automatisk oppdaterte omsetting), men me kan klara oss utan (med «sjå 
xxx»-referansar).

Bør vera mogleg å ha lenkjer til andre nettsider (eks. diskusjonar på 
e-postlista). (Og kanskje ein knapp som automatisk søker innlegg som 
nemner ordet i listearkivet?)

Bør vera mogleg å ha eigne «forklaringssider» for enkeltord eller 
grupper av ord. Det kan for eksempel vera for termar som *treng* ei 
forklaring (om kva det engelske uttrykket tyder), grunngjeving for 
korfor me har valt ei viss omsetting (og ikkje andre) eller informasjon 
om *når* ein skal bruka éi omsetting av ordet og når ein skal bruka ei 
anna. I Fellesordlista har me for eksempel denne «forklaringssida» med 
oversikt over grafiske skjermelement: 
http://i18n.skulelinux.no/nb/bildeordbok/bildeordbok.html

Termbasar er gode greier, men eg trur kostnaden er mykje større enn 
nytten. Me treng ikkje presise definisjonar av kva noko er (eks. ein 150 
ords definisjon av kva eit «keyboard» er); me treng berre veta kva me 
skal kalla det på norsk.

Og elles bør me gjerne ha ein systematisk gjennomgang av heile 
fellesordlista (over tid). Det er ikkje alt som står der som er veldig 
godt vurdert, eller i det heile tatt (lista var vel i utgangspunktet 
basert på ei dansk liste, med ein del direkte omsettingar til norsk). 
Nokre omsettingar bør rett og slett endrast.

Til KDE-omsettinga brukar me forresten òg ein *automatisk* generert 
«terminologibase» (med over 15 000 «termar»), som iallfall eg har stor 
nytte av. Kunne kanskje vore greitt om denne òg låg søkbar på nettet? 
(Brukar ordet «term» ganske laust/feil her. Ein «term» har ingen 
tilhøyrande definisjon; det er berre 1–3 etterfølgjande engelske ord 
(n-gram), med info om kva dette har blitt (hyppig) omsett til *i 
praksis*.) Så viss ein ikkje finn eit ord i fellesordlista, kan ein 
kjapt sjå opp i denne for å sjå kva omsettingar som *har* blitt brukte, 
og basert på dette fyra av garde ein e-post til e-postlista med forslag 
om å legga inn oppslagsordet i fellesordlista og standardisera omsettingane.

Synspunkt? Løysingsforslag?

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no