Re: Språklistene (Re: Fellesordlista - g lyph)
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 2 Jun 2018 10:38:22 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Thomas Gramstad skreiv 01. juni 2018 15:40: >> I e-posten spurde eg om det var mogleg å få sett opp vidaresending av >> e-post til listene dersom me flytta dei til ein ny leverandør. >> Adressene til listene står nemleg veldig mange plassar på nettet, og >> er til og med innebygd i enkelte program (og kanskje i trykt >> materiale òg). > > Vi kan oppnå videresending slik: > > 1. Sette opp listene (eller ny fellesliste) et annet sted. > 2. Flytte over alle abonnentene og NB: fjerne alle abonnenter fra > de gamle listene. > 3. Føre opp den nye felleslista som eneste abonnent på hver av de > gamle listene. > 4. Sette opp de gamle listene til å være umodererte og slippe alt > de mottar rett gjennom, slik at de bare fungerer som enkle > mailaliaser. All spamfiltrering og prosessering skjer på > serveren til den nye felleslisten. Det er jo heilt genialt! Då får me i pose og sekk. Det vil sjølvsagt berre fungera så lenge listene på PING fungerer (og erfaringsmessig sluttar dei å fungera frå tid til anna), men det er iallfall ei god løysing på kort sikt. Og kvar gong det kjem ein e-post som har gått gjennom det gamle systemet, får me finna ut korfor (eks. at den gamle adressa var opplyst på ei nettside) og prøva å retta opp i dette, slik at han neste gong går direkte til den nye lista. >> Synspunkt? > > Enig i alt dette. > > Jeg kan høre med NUUG om listen(e) kan flytte inn på > Mailman-installasjonen på lists.nuug.no. Denne installasjonen > blir vedlikeholdt, og jeg har selv flere lister der. Og vil da > kunne påta meg å være en av listeadministratorene for > felleslista. (Er allerede en av admins for nordsamisk-lista.) Det høyrest i utgangspunktet greitt ut. Men kan du seia noko om kor varig dette vil vera? Vil NUUG *og* listesystemet truleg vera i drift (med same adresse) om 10 år? 20 år? Kva er bussfaktoren¹? Elles var eg ganske negativ til Mailman i ein tidlegare e-post, då Mailman ser og kjennest håplaust gammaldags ut (sjølv om det fungerer teknisk sett greitt nok). Men no ser eg nye Mailman (3+) har fått eit veldig mykje betre, meir elegant listearkiv. Demo på: Oversikt over lister: https://lists.fedoraproject.org/archives/ Arkiv for ei liste: https://lists.fedoraproject.org/archives/list/[email protected]/ Ein skal visstnok òg kunna svara på innlegg direkte frå arkivgrensesnittet, slik at det kan brukast som eit vevforum (og samtidig ei tradisjonell e-postliste). Men eg ser Mailman-installasjonen på NUUG er ein gammal versjon (frå september 2006 faktisk!). *Vert* han faktisk vedlikehalden? Og har han fått manuelle tryggleiksoppdateringar? Det har jo vore funne fleire tryggleiksfeil i Mailman sidan 2006. Og til og med versjonen me køyrer listene på no (hos PING) er nyare (frå 2009). ¹ https://en.wikipedia.org/wiki/Bus_factor -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no