Re: Fellesordlista - glyph
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Sat, 9 Jun 2018 22:56:45 +0200
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Ole-Erik Yrvin skreiv 09. juni 2018 21:18: > Alle sammen > > Da så.. > > 1. Hvordan kan få lagt ut linken til den oppdaterte Fellesordlista > offentlig, og enkelt > få > lastet den ned? > Veit ikkje om eg forstår spørsmålet, men Fellesordlista ligg der ho «alltid» har lege: http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html Du kan lasta ned ordlista med den vanlege lagrefunksjonen i nettlesaren du brukar. Eventuelt finn du siste og tidlegare versjonar i SVN, for eksempel tilgjengeleg via http://svn.skolelinux.no/websvn/filedetails.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrunk%2Fwww%2Fi18n.skolelinux.no%2Fnb%2FFellesordl.eng-no.html > 1. Kan Ingrid og jeg oppdatere Fellesordlista ut fra de erfaringene > vi har med oversettelsene hittil? > Det er ikkje slik det fungerer, at folk berre oppdaterer lista etter sine eigne «erfaringar». Ein kjem me forslag her på lista, så *diskuterer* me forslaga, og så legg nokon med skrivetilgang inn det me vart (nokolunde) einige om. > 1. Og hvordan er/blir > /kan den bli > den integrert med forslagene i Språkrådets datatermer? > Språkrådets datatermar er noko heilt anna enn Fellesordlista, med eit heilt anna formål. Språkrådets datatermar er ein *termbank*, mens vår Fellesordliste berre er ei enkel ordliste med forslag til omsettingar. Å få gjort Fellesordlista om til ein termbank ville lett involvera mange års arbeid, utan nokon spesiell nytteverdi. Men ein kan alltids legga inn omsettingane *frå* datatermlista i Fellesordlista dersom det er nokon som manglar. -- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista i18n-no [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no