Re: Reflowable

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Mon, 18 Jun 2018 23:15:32 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>

Den 18.06.2018 22:03, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Kolbjørn Stuestøl skreiv 01. juni 2018 23:35:
>> Takkar for svaret.
>> Var inne på tanken om å bruke ombrekkbar (jfr. dansk), men trudde 
>> dette var ein låst prosess, altså at typografen bygde om ei statisk 
>> side til ei ny statisk side. Men eg har ingen problem med å bruke 
>> omgrepet i den aktuelle samanhengen. Når/viss Fellesordlista blir i 
>> orden igjen, kan nemninga eventuelt førast inn der med ei forklaring? 
>
> Eg har no lagt inn ordet (utan utdjupande forklaring – det pleier me 
> ikkje ha) i Fellesordlista: 
> http://svn.skolelinux.no/websvn/diff.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrunk%2Fwww%2Fi18n.skolelinux.no%2Fnb%2FFellesordl.eng-no.html&rev=71736&peg=71736
Takkar.
Eg bruker lista frå adressa 
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#C då eg finn denne 
lista enklare å finne fram i. Er det råd å oppdatere denne også? Kunne 
godt tenke meg at lista blir i denne forma også ved eventuell 
nylaging/overføring.

Eit anna spørsmål: Dersom lista først skal omarbeidast, kunne ho bli ei 
fellesordliste for både bokmål og nynorsk?

Med forklaring tenkte eg helst på bruksområdet dersom det opphavlege 
ordet blir brukt i fleire samanhengar. Er kanskje ikkje aktuelt i dette 
tilfellet. "Reflower" av loddetinn er vel lite brukt i denne delen av 
dataverda? :-)
Helsing
Kolbjørn

---
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast
https://www.avast.com/antivirus


_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no