Re: logotast

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Wed, 01 Aug 2018 11:11:39 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Fem framlegg:

1. kommandotasten
2. spesialtasten
3. supertasten
4. systemtasten
5. OS-tasten

1. I MacOS-verda plar me kalla det for kommandotasten. Det vert òg 
nytta i skriftbilete - gjerne avstytt. Her er ein snarveg, på engelsk: 
Cmd-Shift-A. På eit Mac-tastatur har kommandotasten to påtrykte 
symbol. Til venstre på tasten: cmd . Til høgre på taste: 
sjåverdesymbolet/severdighetssymbolet 
(https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Lover+og+regler/trafikkskilt/serviceskilt). 
Kommandotast funger nokso sjølvforklarande.

2. Samla sett vert 'ctrl', 'cmd', 'shift' (med fleire) i MacOS omtala 
som 'spesialtastar'. Likevel er eg ikkje framandfor å omtala 'cmd' som 
'spesialtasten'.

3. Eg er litt samd med Karl Ove i at supertast kan fungera. Men det lyt 
innarbeidast. Men berre ein fær meininga inn i hovudet, bør det vera 
nokså intuitivt.

4. Men sidan kommandotasten sin funksjon ofte er knytt til systemet 
(linuxtast, windowstast), kunne gjerne 'systemtasten' vore eit litt 
nøytralt namn. Jamvel om Mac ikkje har nokon "mac-tast', så har Mac 
likevel ein operativsystemspesifikk kommandotast/spesialtast. I 
uttrykket 'systemtasten' kan ein også leggja det at systemtasten 
varierer litt i funksjon. Dermed kan ein leggja inn i uttrykket at ein 
meiner 'den spesialtasten som er operativsystem-avhengig'.

5. Som variant av 'systemtasten', kan ein også tenkja på 'OS-tasten' - 
altså 'operativsystemtasten'. (Ulempen med systemtasten og OS-tasten er 
at ein person som aldri har nytta noko anna enn MacOS gjerne ikkje vil 
koma på at kommandotasten er systemspesifikk.)

Metatasten er eg imot. Fordi: For å vita kva 'metatast' er for noko, 
må ein nesten vita kva 'metatast' er i Linux, Windows (og Emacs). Og 
for meg, kvar gong eg prøvde å læra meg Emac, var det ei mara å 
forstå om 'metatast' tilsvara Ctrl eller Cmd. Kvifor lurte eg på 
dette? Jau, fordi Ctrl er mykje viktigare i Windows enn i MacOS. I 
Windows vert Ctrl nytta i alle snarvegskommandoar (t.d. i Ctrl-A), medan 
me i MacOS nyttar kommandtasten for same sak (Cmd-A).

Leif Halvard Silli



On 26 Jul 2018, at 16:07, Yngve Spjeld-Landro wrote:

> Hei!
> Kva er det best å kalla tasten med windowslogoen på? Alternativa eg 
> har funne so langt er Super(-tasten) eller Meta(-tasten).
>
> -- 
> :-) Yngve Spjeld-Landro
> nynorsk - fordi du fortener det
>
> _______________________________________________
> E-postlista i18n-no
> [email protected]
> https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no