Re: logotast

Øystein A. <[email protected]> Wed, 01 Aug 2018 11:43:47 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Eg stemmer òg for «Super». «Meta» er uheldig for strengt tatt kan «Super», «Ctrl», «Alt», osv. seiast å vere tastar med metafunksjon. 

Den 1. august 2018 11.11.39 CEST, skrev Leif Halvard Silli <[email protected]>:
>Fem framlegg:
>
>1. kommandotasten
>2. spesialtasten
>3. supertasten
>4. systemtasten
>5. OS-tasten
>
>1. I MacOS-verda plar me kalla det for kommandotasten. Det vert òg 
>nytta i skriftbilete - gjerne avstytt. Her er ein snarveg, på engelsk: 
>Cmd-Shift-A. På eit Mac-tastatur har kommandotasten to påtrykte 
>symbol. Til venstre på tasten: cmd . Til høgre på taste: 
>sjåverdesymbolet/severdighetssymbolet 
>(https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/Lover+og+regler/trafikkskilt/serviceskilt).
>
>Kommandotast funger nokso sjølvforklarande.
>
>2. Samla sett vert 'ctrl', 'cmd', 'shift' (med fleire) i MacOS omtala 
>som 'spesialtastar'. Likevel er eg ikkje framandfor å omtala 'cmd' som 
>'spesialtasten'.
>
>3. Eg er litt samd med Karl Ove i at supertast kan fungera. Men det lyt
>
>innarbeidast. Men berre ein fær meininga inn i hovudet, bør det vera 
>nokså intuitivt.
>
>4. Men sidan kommandotasten sin funksjon ofte er knytt til systemet 
>(linuxtast, windowstast), kunne gjerne 'systemtasten' vore eit litt 
>nøytralt namn. Jamvel om Mac ikkje har nokon "mac-tast', så har Mac 
>likevel ein operativsystemspesifikk kommandotast/spesialtast. I 
>uttrykket 'systemtasten' kan ein også leggja det at systemtasten 
>varierer litt i funksjon. Dermed kan ein leggja inn i uttrykket at ein 
>meiner 'den spesialtasten som er operativsystem-avhengig'.
>
>5. Som variant av 'systemtasten', kan ein også tenkja på 'OS-tasten' - 
>altså 'operativsystemtasten'. (Ulempen med systemtasten og OS-tasten er
>
>at ein person som aldri har nytta noko anna enn MacOS gjerne ikkje vil 
>koma på at kommandotasten er systemspesifikk.)
>
>Metatasten er eg imot. Fordi: For å vita kva 'metatast' er for noko, 
>må ein nesten vita kva 'metatast' er i Linux, Windows (og Emacs). Og 
>for meg, kvar gong eg prøvde å læra meg Emac, var det ei mara å 
>forstå om 'metatast' tilsvara Ctrl eller Cmd. Kvifor lurte eg på 
>dette? Jau, fordi Ctrl er mykje viktigare i Windows enn i MacOS. I 
>Windows vert Ctrl nytta i alle snarvegskommandoar (t.d. i Ctrl-A),
>medan 
>me i MacOS nyttar kommandtasten for same sak (Cmd-A).
>
>Leif Halvard Silli
>
>
>
>On 26 Jul 2018, at 16:07, Yngve Spjeld-Landro wrote:
>
>> Hei!
>> Kva er det best å kalla tasten med windowslogoen på? Alternativa eg 
>> har funne so langt er Super(-tasten) eller Meta(-tasten).
>>
>> -- 
>> :-) Yngve Spjeld-Landro
>> nynorsk - fordi du fortener det
>>
>> _______________________________________________
>> E-postlista i18n-no
>> [email protected]
>>
>https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no

_______________________________________________
E-postlista i18n-no
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no