Re: Ny og forbetra sjekk for feil infinitiv i nynorskomsettingane

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Torsdag 7. juli 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>Me står no att med 5675 e-infinitiv som vert oppdaga automatisk. 
>Forhåpentligvis var dette siste oppdatering … :)

Og det var det ikkje. Analysen av e-infinitiv og a-infinitiv var litt naiv. Eg 
såg på alle infinitivs- og imperativsformer av verb, og laga ei oversikt over 
alle slike -e-ord og -a-ord. Det vart rekna som ein e-infinitiv viss det fanst 
eit tilsvarande -a-ord. Det er feil metodikk, då for eksempel ordet «gle» 
ikkje er ein e-infinitiv, sjølv om verbet «gla» finst¹.

Eg har no retta feilen. Berre verba «gle» og «ble» forsvann, og me står 
altso att med 5673 ord.

¹ Nei, eg kjente ikkje til ordet sjølv heller. Skal derfor spara dykk å slå 
det opp: ;-)

  gla el. glade [kløyvd inf -a] -r, -dde, -dd el. -dt (smh med glatt; eigl
  'gli'; jf I glad) om sola (el. månen): gå ned; om sola: kaste ein raudleg
  glans når ho går ned no g-r sola

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.