Re: Connector - sambandslinje
Kjetil Torgrim Homme <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.nynorsk |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
On Sat, 2014-09-27 at 21:28 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
> Veit ikkje om det er liv i dette forumet, men eg prøver.
> I LibreOffice Impress (program for mellom anna å lage lysbilete,
> presentasjonar) kan ein setje inn såkalla "connectors", dvs. linjer som
> går frå eit festepunkt på eitt objekt til eit festepunkt ("gluepoint")
> på eit anna objekt. Objekt kan vere t.d. ei teikning eller ein figur. Om
> du flytter ein av figurane, blir også sambandslinja flytt. Dette i
> motsetnad til vanlege linjer, som ikkje følgjer med i flyttinga.
> (Du kan få dei fram ved å setje inn to objekt i eit lysbilete i Impress,
> trykke på den vesle trekanten etter knappen
> sambandslinjer/forbindelseslinjer i menylinja).
>
> 1. I nynorskutgåva av LibreOffice er "connector" omsett med
> «sambandslinje», på bokmål med «forbindelseslinje», svensk:
> «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
> «Linien-Verbinder». (Det er desse språka eg har oppe til
> samanlikning når eg omset LibreOffice til nynorsk). (Dette er den
> øvste linja i menyvalet)
> 2. I tillegg bruker den engelske originalen også "line connector", som
> er omsett med: nynorsk: «sambandslinje», bokmål: «linjeforbindelse»,
> svensk: «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
> «Linien-Verbinder». (Dette er den andre linja i menyvalet).
>
> Connector-typane gjer stort sett det same: lagar linjer mellom objekta.
> "Connector" koplar saman festepunkta med vassrette og loddrette linjer,
> medan "line connectors" også kan ha skrålinjer. I tillegg finst det også
> «rette sambandslinjer» ("stright connectors") (bare rette linjer) og
> «bøygde sambandslinjer» ("curved connectors") (bare kurva linjer) å
> velje mellom.
hmm, men skrålinjene er også rette ... andre aktuelle synonym kan vere
«direkte» eller «rak».
> I praksis er det vel eigentleg ikkje nødvendig å skilje desse to typane,
> men det kan vere litt forvirrande å finne dobbelt opp av
> «sambandslinjer» i menyen. Elles er eg usikker på om «sambandslinje» er
> det rette ordet her. Det skjer ikkje noe samband mellom objekta gjennom
> linjene. Objekta blir knytt eller kopla til kvarandre, så kanskje
> «koplingslinjer» eller «tilknytingslinjer» eller noe heilt anna ville
> vere betre. I type 2 kunne ein då for eksempel bruke
> «linjekoplingslinje» eller tilsvarande.
> Håper noen har noe å føreslå her. Vil jo gjerne gjere desse
> gratisprogramma så perfekte som råd er, også språkleg.
eg synest sambandslinje er eit grusomt ord. eg tenkjer med ein gong på
feltradioen i forsvaret (og eg har aldri brukt ein slik feltradio).
kva med «bindelinjer»?
--
venleg helsing,
Kjetil T.
_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn