Re: Connector - sambandslinje

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Den 29.09.2014 15:39, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
> On Sat, 2014-09-27 at 21:28 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
>> Veit ikkje om det er liv i dette forumet, men eg prøver.
>> I  LibreOffice Impress (program for mellom anna å lage lysbilete,
>> presentasjonar) kan ein setje inn såkalla "connectors", dvs. linjer som
>> går frå eit festepunkt på eitt objekt til eit festepunkt ("gluepoint")
>> på eit anna objekt. Objekt kan vere t.d. ei teikning eller ein figur. Om
>> du flytter ein av figurane, blir også sambandslinja flytt. Dette i
>> motsetnad til vanlege linjer, som ikkje følgjer med i flyttinga.
>> (Du kan få dei fram ved å setje inn to objekt i eit lysbilete i Impress,
>> trykke på den vesle trekanten etter knappen
>> sambandslinjer/forbindelseslinjer i menylinja).
>>
>>   1. I nynorskutgåva av LibreOffice er "connector" omsett med
>>      «sambandslinje», på bokmål med «forbindelseslinje», svensk:
>>      «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
>>      «Linien-Verbinder». (Det er desse språka eg har oppe til
>>      samanlikning når eg omset LibreOffice til nynorsk). (Dette er den
>>      øvste linja i menyvalet)
>>   2. I tillegg bruker den engelske originalen også "line connector", som
>>      er omsett med: nynorsk: «sambandslinje», bokmål: «linjeforbindelse»,
>>      svensk: «linjeförbindelse», dansk: «linjeforbindelse», tysk:
>>      «Linien-Verbinder». (Dette er den andre linja i menyvalet).
>>
>> Connector-typane gjer stort sett det same: lagar linjer mellom objekta.
>> "Connector" koplar saman festepunkta med vassrette og loddrette linjer,
>> medan "line connectors" også kan ha skrålinjer. I tillegg finst det også
>> «rette sambandslinjer» ("stright connectors") (bare rette linjer) og
>> «bøygde sambandslinjer» ("curved connectors") (bare kurva linjer) å
>> velje mellom.
> hmm, men skrålinjene er også rette ...  andre aktuelle synonym kan vere
> «direkte» eller «rak».
Litt presisering: Med to objekt ved sida av kvarandre er "Connectors" 
som oftast loddrette ut frå objekta og vassrette mellom dei. Altså først 
eit loddrett stykke for å kome klar av objektet, deretter eit vassrett 
stykke bort til det neste objektet og den siste biten loddrett igjen så 
langt som er nødvendig for å kome klar objektet. Linjene kan flyttast 
manuelt. "Line connectors" kan i tillegg gå på skrå mellom objekta i 
høve til loddrett/vassrett. Det enklaste er nok å prøve ut koplingane. 
Sjå oppskrifta ovanfor dersom du ikkje kjenner dette frå før.
>
>> I praksis er det vel eigentleg ikkje nødvendig å skilje desse to typane,
>> men det kan vere litt forvirrande å finne dobbelt opp av
>> «sambandslinjer» i menyen. Elles er eg usikker på om «sambandslinje» er
>> det rette ordet her. Det skjer ikkje noe samband mellom objekta gjennom
>> linjene. Objekta blir knytt eller kopla  til kvarandre, så kanskje
>> «koplingslinjer» eller «tilknytingslinjer» eller noe heilt anna ville
>> vere betre. I type 2 kunne ein då for eksempel bruke
>> «linjekoplingslinje» eller tilsvarande.
>> Håper noen har noe å føreslå her. Vil jo gjerne gjere desse
>> gratisprogramma så perfekte som råd er, også språkleg.
> eg synest sambandslinje er eit grusomt ord.  eg tenkjer med ein gong på
> feltradioen i forsvaret (og eg har aldri brukt ein slik feltradio).
>
> kva med «bindelinjer»?
Eg har faktisk same aversjonen. Eg har i si tid sett opp mange militære 
sambandslinjer både med radio, kopartråd og ordinans. Oftast alle tre 
samstundes.
Bindelinjer høyrest bra ut. Elles har eg kikka litt på kontaktlinjer og 
koplingslinjer.

Må studere dette nærare ein annan kveld. Andre gjeremål i dag.
Helsing
Kolbjørn

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.