Re: Syntaksfeil i nynorskomsetjingar

"Leif Halvard Silli" <[email protected]> Wed, 31 May 2017 11:36:42 +0200
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
On 23 May 2017, at 19:12, Karl Ove Hufthammer wrote:

> Leif Halvard Silli skreiv 23. mai 2017 09:46:
>> On 22 May 2017, at 21:16, Karl Ove Hufthammer wrote:
>>
>>> Fann følgjande syntaksfeil i nynorskomsetjingane.
>>> Gjer vel og rett opp i desse.
>>
>> Eg vart fegen då eg såg dette uttrykket - «gjer vel» - så fegen 
>> at eg tok det i bruk den omsetjinga eg driv med. (XMLMindEditor, sjå 
>> www.xmlmind.com)
>>
>> Men sidan sitatet ovanføre handlar om syntaks, fekk eg hug å koma 
>> med eit synspunkt:
>>
>> Fyrst: «Gjer vel» kan vera ei omsetjing av «please», på same 
>> måte som «Ver god» og «Ver så god», eller «Ver snill».
>>
>> So: Over til syntaksen: Skal det koma ein infinitiv etter «Gjer 
>> vel»? Eller skal det koma eit «og»? Svaret er gjerne ikkje 
>> opplagt.
> […]
>
> Artig problemstilling (og eg sette pris på Poirot-referansen). Dette 
> var ikkje så lett. På nettet er tydelegvis begge variantane omtrent 
> like mykje i bruk, med ein del tusen treff kvar. Men kva er «mest» 
> rett? Nynorskordboka har «gjer så (vel)», men det er berre ein 
> variant av «ver så god». Ordboka har òg den litt lengre varianten 
> «gjer så vel å», men denne er det så godt som ingen som brukar. 
> Dvs., Google gjev fire treff, der eitt av dei er på Nynorskordboka 
> sjølv.
>
> Kor går me så? Jo, til Norsk Ordbok, sjølvsagt: 
> http://no2014.uio.no/perl/ordbok/no2014.cgi
> Men der er som kjent berre orda frå i- og utover søkbare elektronisk 
> (/une tragédie/). Eg treng band IV, med undertittelen 
> «gigle–harlemmerolje», som berre finst som trykt eksemplar.

Kanskje du lyt ein tur til næraste hovudstad, as quickly as possible 
(med damptoget) for å sitja litt på biblioteket ...

> Så kva gjer me då? Jo, me (eg) tar turen til – nei, ikkje 
> biblioteket, men til – «Med andre ord», 3. utgåve, av Magne 
> Rommetveit. Og som synonym til «vennligst» står det der oppført 
> «gjer så vel».
>
> /Ze mystery is solved/. Eg rettar skriptet.

Det høyrest ut som du kjem til å leggja til «så». Men det med 
«så» var ikkje temaet i det eg skreiv. Difor litt spent på korleis 
du, på grunnlag av det du her har førevist, kjem til å retta teksten 
...

Meinte du, kan henda, at når det står «SÅ», så kjem det helst òg 
ein infinitiv, etterpå ... ? Eg finn –  sidan lenge – ikkje att 
Rommetveiten min, så eg får ikkje sett deg i korta. Men eit lite 
studium av Nynorskordboka og Bokmålsordboka tykkjest å visa at når 
det står «så god» («ver så god» o.l.) så kjem det oftast ein 
infinitiv, etterpå. Men ikkje stødt.

Eg saumfor Nynorskordboka og Bokmålsordboka sine samansetjingar med 
«[v_r så 
god](http://ordbok.uib.no/perl/ordbok.cgi?OPP=v%25r+s%C3%A5+god&ant_bokmaal=5&ant_nynorsk=5&begge=+&ordbok=begge&ava=ava)»:

Relevante forklåringstekster med «vær så god» i Bokmålsordboka:

1. «vær så god å gå til bords»
2. «vi måtte vær så god gjøre som han sa»
3. «vær så god gå»
4. «vær så god, stig inn»

(Nr 2 er eigentleg «vi måtte (vær så god) gjøre» og vedkjem 
såleis ikkje saka. Nr 3 er vel adverbial bruk av «vær så god», så 
det vedkjem saka lite.  Interessant nok har Bokmålsordboka ingen døme 
med «og»! Men sidan «og» er jamstellande konjunksjon, så er nr 4, 
med komma («vær så god, stig inn), i praksis det same som å nytta 
«og».)

Relevant forklåringstekst med «ver så god» i Nynorskordboka:

* «ver så god (å sitje el. og sit)! sagt som bydeformel»

Som de ser, så meiner Nynorskordboka at både «ver så god å sitja!» 
og «ver så god og sit!» er like fine. Og Bokmålsordboka gjev 
likeeins døme både med og utan infinitiv.

Ein kan, på dette grunnlaget, tenkja at forfattarane av desse 
oppslagsbøkene dermed vil måtta meina at «Gjer vel, rett opp» (så 
vel som det parallelle «Gjer vel og rett opp») er like rette som 
«Gjer vel å retta opp»

Koss det no enn er: Kontekst og tone er svært viktig. T.d. er det, same 
korleis ein uttrykkjer seg, annleis når den ein snakkar er i same rom 
enn når ein talar litt meir generelt. Men same kva, dersom me skal 
klassifisera kva som har mest og minst imperativ/bydetone i seg og kva 
som har mest og minst optativ/bydetone i seg, så oppfattar eg 
imperativ+infinitiv som meir ynskjande i tone og form enn det å skriva 
imperativ+imperativ - som eg oppfattar som meir bydande.

Og det er grunnen til at eg slær til ljod for «gjer vel å retta 
opp»: Dette er eit skript som vender seg til ein hop/lyd som det - 
skriptet - ikkje på noko vis kan kommandera og som det heller ikkje er 
intim med. Det kan berre koma med eit generelt ynskje, uti lufta. Dermed 
er det å likna med gode ynskje og formaningar som ein finn ute i 
offentleg transport, på offentlege plassar og liknande: «Tenk på dei 
andre! Hugs å stumpa røyken!»

Derimot, dersom du skal senda ein storrøykjar inn til eit møte med 
Trump, så  kan du, som siste olje, seia «Og hugs: stump røyken, før 
du går inn».

Takk for meg og ål bings!
-- 
leif halvard silli
_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn