Re: Statusoppdatering for KDE på nynorsk

Kolbjørn Stuestøl <[email protected]> Tue, 13 Feb 2018 21:14:41 +0100
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Nesten synd eg ikkje bruker Linux.
Her ser det ut til å vere svært mykje bra med svært mykje arbeid bak.
Kan nemne at omsetjinga av LibreOffice er 100 % på både 
brukargrensesnittet og hjelp. Så det er inga ulempe
at programmet har overtatt. Brukargrensesnittet er også 100 % omsett til 
bokmål, men for hjelp manglar ca. 125 000 omsetjingar. Ser at det blir 
arbeidd med saka.
Begge omsetjingane treng språkvask, så her er oppgåver for dei rette 
personane.

For GIMP ligg eg ein del etter i det som skal bli versjon 2.10. Slit 
mellom anna med fagterminologien her. Som for dei aller fleste, er dette 
fritidsarbeid for meg også.
Helsing
Kolbjørn



Den 13.02.2018 19:40, skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Det er lenge sidan eg kom med ei statusoppdatering for omsettinga av 
> KDE-programma til nynorsk. Så her er ei.
>
> Kort sagt står det veldig bra til med KDE-programma på nynorsk. Alle 
> hovudprogramma er 100 % omsett, og det same gjeld det meste av 
> «systemprogramma»/brukarflata. Det kjem stadig nye funksjonar i 
> programma (følg dagleg med på https://planet.kde.org/ for ei oversikt 
> over alt som skjer), og eg legg til omsettingar stort sett etter kvart 
> som nye tekstar dukkar opp.
>
> Når det gjeld meir perifere program og spel, varierer det kor komplett 
> nynorskomsettinga er. I nokre modular (samlingar med program) er 
> nesten ingenting omsett, men i andre er nesten alt omsett. Dei fleste 
> spela er omsett, mens 2/3 av dei pedagogiske programma er omsett.
>
> Når det gjeld kontorprogramvaresamlinga (Calligra, tidlegare KOffice), 
> er *veldig lite* omsett. For reknearkprogrammet Calligra Sheets er 
> rett nok om lag 2/3 av tekstane omsett, men inkje vesentleg 
> omsettingsarbeid har blitt gjort sidan 2008. (Interessant nok vart den 
> *første* omsettinga av ein tekst brukt i dette programmet gjort 
> allereie i 1999!).
>
> No har jo LibreOffice stort sett overteke «kontorprogramvaremarknaden» 
> når det gjeld fri programvare, og dei har òg mykje fleire 
> utviklarressursar, så nynorskomsettinga av Calligra vert nok 
> prioritert (heilt) ned framover òg. Eitt unntak vert *kanskje* det 
> fantastiske teikne- og måleprogrammet Krita (https://krita.org/en/), 
> som har hatt svært stor suksess også på Windows og Mac dei siste åra, 
> og som også er/var ein del av Calligra. Det har eg lyst til å omsetta 
> til nynorsk ein dag. Men det er eit enormt stort program (og nok 
> krevjande å omsetta og kvalitetssikra omsettinga), så det òg er 
> førebels prioritert ned.
>
> Eg kan jo også nemna nokre av KDE-programma eg har omsett frå grunnen 
> av sidan førre statusoppdatering:
>
> Likar ein å sy krossting, kan programmet KXStitch 
> (https://userbase.kde.org/KXStitch) kanskje vera av interesse. Eg har 
> omsett heile programmet til nynorsk. Under kvalitetssikringa av 
> omsettinga fann eg òg nokre feil og ting som kunne forbetrast i 
> programmet, som eg melde frå om. Desse vart raskt retta.
>
> Samlar ein på noko, anten det er bøker, filmar, myntar, frimerke, 
> brettspel, musikk eller anna, er programmet Tellico 
> (http://tellico-project.org/) noko for ein. Eg har omsett heile 
> programmet til nynorsk. Òg her melde eg inn nokre 
> feil/forbetringsforslag, som alle vart retta. No støttar programmet 
> igjen boksøk frå norske BIBSYS.
>
> Kdesvn er eit meir teknisk program, for folk som likar eit grafisk 
> brukargrensesnitt til SVN. Uansett, no er programmet tilgjengeleg på 
> nynorsk. (Og eg trur nynorskomsettinga er hakket betre enn den 
> engelske originalversjonen, som var skriven av nokon som absolutt 
> *ikkje* har engelsk som morsmål …) Òg her fann eg nokre små feil som 
> eg melde inn, og som har blitt retta.
>
> Siste nye program av ein viss storleik er Elisa, ein ny musikkspelar 
> for oss som framleis sit med eit større (filbasert) musikkbibliotek. 
> Etter at utviklinga av både Amarok og JuK ser ut til å ha stoppa heilt 
> opp, er det kjekt at det endelege har dukka opp eit alternativ! I 
> Elisa har ein lagt vekt på at ting skal vera enkelt og brukarvennleg. 
> Følg med på https://mgallienkde.wordpress.com/ for siste nytt. 
> Programmet er framleis under kraftig utvikling, men det lovar bra. Eg 
> passar på å halda nynorskomsettinga oppdatert etter kvart som det kjem 
> nye funksjonar og forbetringar.
>
> Det var første statusoppdatering for KDE på nynorsk i 2018. Sjølv om 
> mykje er omsett, er det framleis *svært* mykje igjen å setta om. Så 
> viss nokon er interessert i å bidra, anten med omsetting, 
> korrekturlesing eller anna kvalitetssikring, er det berre å ta 
> kontakt, anten her på lista eller direkte med meg.
>


---
Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast
https://www.avast.com/antivirus


_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn