Re: Dato og valuta på nordsamisk
Svein Lund <[email protected]> Fri, 7 Nov 2008 23:01:55 +0100
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.sami |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
No er det fryktelig lenge sidan eg har bidratt men noko på denne lista, men her kan eg kanskje bidra litt. piątek 07 listopada 2008, Karl Ove Hufthammer čálii: > Eg held no på å oppdatera formateringa av dato, tal og valuta for norsk i > KDE, og her ser det ut til å vera nokre pussige særinnstillingar for > nordsamisk. > > For det første er valutasymbolet sett til «ru» i staden for «kr». Stemmer > dette? ru er forkorting for "ruvdno", altså samifisert utgåve av krone, så det stemmer nok. Om det kjem innvendingar mot dette, kan det vere fordi nokre samiske dialektar seier "kruvdno", og da passar det jo med samme forkorting som på norsk. Men "ru" kan gjerne stå. > > CurrencySymbol[se]=ru > > Elles er datoformata sett til > > DateFormat[se]=%A, %B %e. b. %Y > DateFormatShort[se]=%Y-%m-%d > > Stemmer desse med skriving av datoar på nordsamisk? Det er fleire måtar ein kan skrive datoar på på nordsamisk, men den vanligaste og mest offisielle er (eksempelet er dagen i dag): skábmamánu 8. b. 2008 Her er b. forkorting for "beaivi", eller "dag" Heile uttrykket omsett til norsk: Mørketidsmånaden sin åttande dag, 2008. Om kortversjonen på samisk skal skrivast som nemnd over eller på vanlig norsk måte, kan diskuterast. Her bør ein også sjå på kva som er brukt for svensk og finsk. Om dei har samme som norsk, syns eg det er naturlig å bruke denne også for samisk. Mens eg er her, har eg bare lyst til å fortelje at retteprogrammet for nordsamisk no har blitt veldig bra, og sjølv har eg stor nytte av det. Eg arbeider no med redigering av ei bok på samisk, og det går mye raskare og sikrare enn førre gongen, da det ikkje fantest noko retteprogram. All ære til Børre&Co, Sametinget og Universitetet i Tromsø for det arbeidet. Helsing Svein Lund _______________________________________________ i18n-sme mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-sme