Samiskomsettinga av KDE
Karl Ove Hufthammer <[email protected]> Wed, 03 Dec 2008 22:42:38 +0100
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.sami |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Ser det har vore nokre oppdateringar av samiskomsettinga av KDE i det siste. Det er bra. Viss det held fram, kan me nok ein gong få sjå KDE på dette språket. Som de kanskje veit, er KDE no inne i ein strengfrys-periode. Det vil seia at det (med kanskje nokre få unntak) ikkje vert lagt til nokon nye tekstar å setta om før KDE 4.2, som skal vera ferdig rundt 20. januar: http://techbase.kde.org/Schedules/KDE4/4.2_Release_Schedule For at nordsamiskomsettinga skal vera med, må tre ting skje: 1 Alle syntaksfeila i filene må rettast opp (sjå e-postane «Syntaksfeil i samiskomsettingar» som regelmessig vert sende til lista). Eg verken vil eller kan senda inn omsettingane til KDE med mindre desse vert retta. 2 Omsettinga må oppfylla minstekrava nemnt her: http://l10n.kde.org/stats/gui/trunk-kde4/essential/ Nordsamisk oppfyller no to av fire krav (krava står nedst på sida og i kolonneoverskriftene). 3 Etter at krava er oppfylte, må nokon skriva til I18N-lista til KDE og be om at nordsamisk vert teken opp att. Det kan eventuelt eg gjera om nokon ber meg. Alt dette bør skje snarast mulig, og i god tid før 20. januar. -- Mvh. Karl Ove Hufthammer http://blogg.huftis.org/ E-post og Jabber: [email protected] _______________________________________________ i18n-sme mailing list [email protected] https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-sme