Namn i rekneark
Kolbjørn Stuestøl <[email protected]>
| Newsgroups | gmane.comp.internationalization.norwegian |
|---|---|
| Message-ID | <[email protected]> |
Funksjonsnamn i rekneark.
Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del
funksjonsnamn med feil eller manglar.
*Ikkje omsette:*
BAHTTEXT. Forslag: BAHTTEKST. (Gjer eit tal om til tekst i Thai)
DATEDIF. Forslag: DATODIFF. (Tal på heile dagar, månader eller år
mellom to datoar)
EXP. Forslag: EKSP (som i Excel). (Eksponenten av grunntalet e)
Desse skulle det vere kurante å bruke?
*Ulikt nb og nn:*
LOOKUP -> SLÅ.OPP (Nå: (nn) SLÅ.OPP / (nb) FINN.NÅ / (Excel) SLÅ.OPP)
*Retting av feil:*
Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på
nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør
bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS.
(Excel: CSC og CSCH)
Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH
eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH).
Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål:
ANTALL)
COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA)
COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel:
ANTALL.HVIS)
COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel:
ANTALL.HVIS.SETT)
DERSOM / VISS
Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen.
Er det råd å bytte DERSOM med VISS?
Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på
svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov
på bokmål).
Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi,
sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang
litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut.
Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-)
Lista over funksjonsnamna i LibreOffice 4.0 og Excel er framleis her
(litt oppdatert sidan sist):
http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.ods og
http://www.stuestoel.no/temp/funksjonsnamna.html
Eg har sikkert fleire slike spørsmål og kommentarar, men dei får kome
etter kvart.
Helsing
Kolbjørn Stuestøl