Re: Socket (igjen)

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.norwegian
Message-ID <[email protected]>
Sigmund Hansen skreiv 30. jan. 2016 11:30:
> Den 24.01.2016 10.21, skrev Kjetil Torgrim Homme:
>> On Sun, 2016-01-10 at 14:18 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
>>> Når det gjeld «socket» i denne tydinga(ne) i Wikipedia-artikkelen
>>> https://en.wikipedia.org/wiki/Network_socket
>>> synest eg å hugsa at nokon ikkje likte «sokkel» som omsetting.
>>>
>>> Kva synest me om dette i år 2016?
>> eg synest framleis "sokkel" ikkje kan brukast om nettverksockets, men
>> kjem ikkje på noko nyord, dette måtte vere noko slikt som
>> "nettverksmottakspunkt", men det er så generisk at det ikkje er
>> klargjerande for nokon.  det er uansett såpass teknisk at eg meiner vi
>> kan leve med importert terminologi.  dette kjem aldri til å hamne i
>> daglegtalen til andre enn programmerarar.
> […]
>
> Sokkel er jeg enig i at høres rart ut, fordi du ville aldri snakke om å
> stikke en kabel i en sokkel.

OK. Då går me for «socket» også på norsk. Eg har no oppdatert 
fellesordlista på http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html 
til å berre lista «socket» som «omsetting» av «socket», og markert 
«sokkel» som overstreka (dvs. uakseptabelt).

Har også oppdatert alt i nynorskomsettinga av KDE til å konsekvent bruka 
«socket». Sjå

http://svn.skolelinux.no/websvn/comp.php?repname=skolelinux&compare[]=/trunk/i18n/kde4/@71520&compare[]=/trunk/i18n/kde4/@71521

for oversikt over alle endringane eg gjorde. Merk at eg reknar «socket» 
som eit hankjønnsord («ein socket»). For å markera at det eigentleg er 
engelsk, brukar eg bindestrek i alle bøyingar og samansette ord. Det 
vert for eksempel «socket-en», ikkje «socketen», i bunden form eintal, 
og «socket-feil» og «lytte-socket», ikkje «socketfeil» og «lyttesocket».

(Bokmålsomsettarane må oppdatera omsettingsfilene sine sjølv.)

Eg har også lagt til to reglar i korrekturlesingsskriptet vårt for 
dette, for å sikra at «socket» alltid vert «omsett» til «socket», og at 
ordet alltid har bindestrekar der det skal.

-- 
Karl Ove Hufthammer
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.