Re: Skal det vere «skjula» eller « gøyma»?

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Onsdag 21. juli 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
>I følgje fellesordlista skal «hide» vere «skjule» på norsk, mens dei
>språklige retningslinjene meiner vi skal bruke «gøyma». Eg går ut i
>frå at retningslinjene tar presidens, men bør ikkje fellesordlista da
>òg innehalde «gøyma»?

Fellesordlista inneheld i utgangspunktet berre omsettingar til *bokmål*, 
ikkje nynorsk (men vil sjølvsagt vera like nyttig for omsetting til nynorsk).
Men om nokon vil, kan dei godt legga til at me brukar «gøyma» på nynorsk.

For øvrig minner eg om at me har rimelig godt utbygde kontrollar for å få 
fanga opp slike «formfeil» i nynorskomsettingar. Bruk «check-rules» i Pology. 
Dette kan òg integrerast med Lokalize, slik at ein får opp berre dei tekstane 
kontrollane reagerer på. No har me over hundre slike kontrollar, som fangar 
opp dei alle fleste vanlige feila, og òg nokre uvanlige. Bruk desse 
kontrollane; det er det dei er der til!

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: [email protected]

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.