Re: Statusoppdatering for KDE på nynorsk

Karl Ove Hufthammer <[email protected]>
Newsgroups gmane.comp.internationalization.nynorsk
Message-ID <[email protected]>
Karl Ove Hufthammer skreiv 22. des. 2015 14:45:
>
> Planen vidare er å omsetta ferdig mappa «kdegames». Innhaldet er vel 
> ganske sjølvforklarande … Det er til saman cirka 6 000 tekstar, og ¾ 
> av desse er alt omsett. 

Og no er eg ferdig med «kdegames». Det vil seia, alle spela og 
tilhøyrande bibliotek er omsette (100 filer) med unntak av to, som berre 
er (og forblir) *delvis* omsette.

Det eine unntaket er Kajongg, som er eit mahjong-spel. Reglane og 
terminologien er litt komplisert, og eg må setja meg inn i desse for å 
kunna gje ei fullgod omsetjing. Det prioriterer eg førebels ned. Men dei 
mest synlege tekstane i spelet *er* omsette. Merk at Kajonng er spelet 
for *fire* spelarar. Dei to mahjong-liknande éinspelarspela/kabalane 
KMahjongg og Shisen-Sho har eg omsett 100 %. Begge er fine spel.

Det andre unntaket er KGoldrunner. Her er det *lange* skildringar med 
hint for dei fleste bretta (typisk fleire avsnitt med tekst for kvart 
brett). Eg *har* omsett alle tekstane for opplæringsbretta og fleire av 
dei andre (og meir utfordrande) brettsamlingane, men ikkje for dei 
nyaste bretta. Grunnen er at det tar ganske mykje tid å omsetta kvar 
hintskildring, då eg må spela brettet for å vera sikker på omsettinga 
vert god. Likevel er om lag 80 % av tekstane i spelet omsett, deriblant 
alle tekstane i brukargrensesnittet (menyar, innstillingsvindauge og 
sånt). Dei resterande tekstane er lågt prioriterte.

Men viss nokon kjem og seier at dei har spelt gjennom alle bretta som 
*er* omsette til nynorsk (på nynorsk), og ønskjer fleire, vil eg nok 
prioritera dette høgt igjen. :) Så det er berre å ta utfordringa. 
KGoldrunner er forresten eit ganske bra spel, og verdt å sjå nærare på, 
spesielt om de har spelt Lode Runner i «gamle dagar».

Planen framover er å setta om «kdegraphics» ferdig. Her finn me program 
som Okular, Gwenview og Kolourpaint. Og ikkje minst Spectacle, som er 
det splitter nye KDE-programmet for å ta bilete av skjermen (arvtakaren 
til KSnapshot).

-- 
Karl Ove Hufthammer

_______________________________________________
E-postlista i18n-nn
[email protected]
https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn
lmpx.com only provides a reader for public news (NNTP) servers. It is not affiliated with the servers or forums shown here and is not responsible for the content of articles, which is written by their respective authors.